Styremøte, 16. oktober -12

Desse møtte : Anders, Anlaug, Øystein og Aslaug.

Aslaug yngste velkommen med bibelord og bøn.

Sak 1 : Basaren var fyrste post på programmet. Alle var fornøgde med resultetet og neste steg er å undersøke stoltyper og prisar.

Sak 2 : Ombygging av huset.

Når det gjeld utviding av salen, ved å slå ned veggen til stoga, rive ned pipa og peisen, samt oppussing/utviding av kjøkkenet, vil me innhente ein pris på dette. Håpar at nokon er villige til å taka på seg denne jobben ! Anders og Øystein tek seg av dette. Styret ynskjer ikkje å innhente pris på riving av det allereie oppussa arealet. Me vil da miste både garderobe og lagerrom, noko som er viktig å ha.

Sak 3 : På fellesmøta i 2013, er det Betel som har ansvaret for talaren. Jon Ultvedt har lova å både tale og synge !

Sak 4 : Vi har tre jenter som fylgjer «Tentro» undervisninga på Fredheim, 2012/13. Me vart spurt om å vera med å dele på utgiftene til dette. Det vil me sjølvsagt og betalar 20 tusen kroner til Fredheim. Det vert forbønn for desse tre på Betel, sundag 9. desember.

Sak 5 : Leirstaden vår på Vegårtun, feirar 50 års jubileum, helga 24 – 25. november. Me er bedne inn til jubileumsfest !

Sak 6: Søndag 28. oktober ,vert det ikkje møte på Betel. Da møter vi opp på Fredheim for å høyre Trygve Wickstøl.

Nestestyremøte vert 4. desember kl 20, hjå Aslaug

Basarreferat

Laurdag, 29.september, var det basar på Betel.

Inntekta skulle gå til nye stolar. Dei gamle er minst førti år !

Me fire damene som fann på dette, hadde selt lodd i sommar og haust. Signe Turid hadde brodera ein stor flott joleduk og

joleløpar og me hadde mange fine gevistar. Hovedgevinsten var ein Dabradio. Da me tok oss ein tur innom forretningane i Kviteseid for å «tigge» ein gevinst, var alle velvillige. Tusen takk for det ! Me selte årer i tillegg til lodd, på basaren. Kaker og kaffe fekk og folk kjøpe. Og folk kom og kjøpte ! Det var veldig moro ! Da me telte opp, hadde me fengje inn kr. 24 755,- netto !!!

I tillegg har me fengje ei gåve på 2000 kroner til stolane våre. Dette har overgjenge alle våre forventningar !

Tusen takk til alle som har støtta oss med gevinstar, loddkjøp og vore med på anna vis. Me er kjempefornøgde!

Signe Turid, Gunhild, Anlaug og Aslaug

Basar laurdag 29.sept.kl 14.00

Denne dagen blir det basar på Betel til inntekt for nye stolar
i lokalet.
Her er mange fine gevinstar på bok, og det blir og åresal.
Sal av kaffi og kaker. Sang og musikk.
Me har ein gml vaskestol og emaljert fat som du kan gje bod på, minstebod er kr 500, gje bod dersom du har lyst på denne.
Kan du ikkje koma denne dagen, men har lyst til å gje ei gåve til
stolar er kto.nr. 2801 23 11879.
Velkomen på basar!!!
Helsing basardamene Gunhild, Aslaug, Signe Turid og Anlaug