Kategoriarkiv: Innlegg

SOMMARFEST

Sundag 19. juni kl 13.00 blir det sommaravslutning på Betel. Vi satsar på opphaldsver og at vi kan vere ute i hagen på Betel. Det blir andakt ved Åsbjørg, song, leik og grilling. Tema for samlinga: Kjærleiken som bind saman. Du treng ikkje ta med mat sjølv, det blir ordna!! Det er greitt med benkar utanfor Betel, men dersom du treng ein betre stol, så ta med dette sjølv.. VELKOMEN!!

«Heilage vanar i ei travel tid»

Sundag 3. april 19.00 samlast vi til møte att. Denne gongen lytter vi til forkynning frå Torbjørg Oline Nyli, pastor i Ytre Randesund Misjonskirke. Talen hennar er eit opptak som vi ser vi saman på storskjerm. Ho snakkar mellom anna om vaner som kan hjelpe oss å opne opp for det heilage, midt i den vanlege kvardagen vår. Det blir også song og kollekt og enkel «kyrkjekaffi». Velkomen til møte!!

org_dsc02523