Gravestart og graveinnsamling.

A10-1 SITUASJONSPLANPå menighetsmøte 20. oktober blei det vedtatt at menigheten går igang med arbeid med uteområdene rundt Betel med utgangspunkt i situasjonsplanen til Håvard Gjernes, med atterhald om alle godkjenningar. Samstundes starter ei innsamling av midlar til Beteloppussinga med ein eigen innsamlingskonto. Målet er å nå 150 000,- som venteleg vil dekkje utearbeidene.

Planen er å anleggje ny parkeringsplass mot det gamle kommunehuset, gjerde ut mot vegen og hage/uteområde rundt Betel der det no er parkeringsplass.

Jubileumsfest

Dette er til minne om at det er femti år sidan Sven Øverland, Helge Skorgen og den lange svensken Uno Olsson kom som unge forkynnarar til Betel.

Dei hadde starta bibelskuleutdanning på Ansgar, og blei sendt ut av Ingulf Diesen, som var rektor der då. Mange ungdommar kom på møta den hausten og vinteren. Desse er nå invitera til ei samling 1. nov 09.  Me ser fram til denne sundagen, som startar med møte kl.n 13.00! !  Middag m/kaffe kl 15, og mimrestund kl 17.00.  Alle er velkomne, både dei som ikkje hugsar frå denne tida, og sjølvsagt dei som var ein del av denne glade – men viktige tida på Betel.