Alle innlegg av Oddvar Hægeland

BØNNE- og VITNEMØTE

Godt nytt år! Og velkommen til årets første samling på Betel sundag 8. januar kl 18.00. Dette blir eit felleskapsmøte med song, takk, bøn og vitnesbyrd.

Utdrag frå andakt av Jostein Ørum: «Vi gir avkall på strev. Vi stoler på Gud. Ikke fordi vi ikke bryr oss, men fordi vi bryr oss, så slipper vi taket i det som har et grep om oss. (…) Når vi så har løsnet grepet om hverdagens bekymringer, kan vi øve oss på å ta imot alt det gode som overraskelsens Gud har i ermet.»

JOLEMØTE

Sundag 18. desember blir det (tradisjonen tru) jolemøte på Betel. Vi startar kl 11 med møtedel der vi får lytte til forkynning av Møyfrid Lunde. Her blir det også flotte julesongar, leik, forteljing og glimt frå livet på Jakobs hus i Colombia. Etter møtet er alle velkomne til julelunsj i kjellaren. Gje melding til Åsbjørg på førehand dersom du kan bidra med eit pålegg/ei kake/ eller noko annan etande til dette måltidet 🙂

VELKOMMEN!

Songmøte i advent

Sundag 4. desember kl 18.00 ønsker vi velkommen til ei fin stund med masse song og musikk. Vi syng advents- og julesongar vi er glade i. Det er til og med lov å ønske seg ein song, og /eller fortelje om ein song du er glad i. Meld gjerne Ane på førehand om dette. 🙂 Enkel severing etter møtet.


Vi tenner adventlyset vårt i denne trygge von
at sterkare enn vinternatt er lyset frå Guds son.
Han bad oss bere lyset ut til dei som svelt og frys.
For verda, ho er kald og mørk,
men stjerna, ho er lys!


Å tenne lys der mørkret rår, det minner stjerna om.
For slik var vegen som han gjekk, den Frelsaren som kom.
Ho bed om tid og hjarterom for alle rundt på jord.
For verda er så kald og trong.
Men Frelsaren er stor!


Johan Sorknes